
Har du lidenskap for godt handtverk og interiør?
Då kan du bli vår nye person på design og prosjektleiing!
Feel Free Production er ein møbelprodusent lokalisert i Stad kommune i Nordfjord, nærare bestemt i Holmøyane - ei bygd med lange tradisjonar innan møbelproduksjon. Vår lidenskap er godt handtverk og design. Energien ligg i å kunne glede andre med skreddarsydde møblar og interiør - akkurat slik kunden vil ha det!
Sidan vi vart etablert i 2013, har vi hatt jamn vekst og har no behov for å utvide teamet med ein medarbeidar på design og prosjektleiing.
Oppgåver:
Vere førstelinje kundekontakt og følgje opp forespørslar frå kundar.
Designe/prosjektere skisser til kundar og klargjere produksjonsteikningar.
Synfaring ute hos kundar.
Utarbeide tilbod.
Følge opp tidsfristar for prosjekta mot produksjon og eksterne leverandørar.
Bidra i arbeidet med salg og marknadsføring.
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning eller erfaring med arbeidsoppgåvene.
Erfaring med verktøy/CAD-program som t.d. AutoCAD, ArchiCAD eller Winner.
Kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Kunne koordinere og vere eit bindeledd mellom kunde, produksjon og eksterne leverandørar.
Du er strukturert, initiativrik og løysingsorientert.
Sertifikat klasse B, for synfaring ute hos kunde.
Feel Free Production kan tilby eit kreativt og positivt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er like. Vi har fokus på å ha det kjekt på jobb!
Om du har spørsmål, ta kontakt med Marta Myklebust på mm@feelfreeproduction.no / tlf.: 970 63 241.
Søknad sendast: post@feelfreeproduction.no
Søknadsfrist: 30. juni 2022.